Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.
Om Kamben Kafé & Spel
Nyt enkle rettar, den beste kaffien i området og eit stort utval øl frå lokale bryggeri.
Her viser me sportsendingar på TV-skjermane våre. Er det store fotballkampar eller vinteridrettssendingar på gong så skal me sjølvsagt sørga for at du ikkje går glipp av dei.
Duckpin bowling, moderne dartspel & shuffleboard
Førehandsbestill spel i menyen på sida.
Kamben Kafé & Spel er den perfekte samlingsstaden når det freistar å trekkja innandørs. Ta med familie eller venner og gi dei ei utfordring.
Spelrommet byr på duckpin bowling, ein morosam og litt annleis variant av den tradisjonelle bowlinga, med mindre kjegler og ballar - perfekt for både nybyrjarar og erfarne spelarar. I tillegg finst moderne dartspel, der de kan konkurrera i det klassiske spelet, med ei teknologisk oppdatering. Ei datamaskin held styr på poenga og fortel kven sin tur det er, medan spelarane kan velja mellom ulike spelereglar, for å gjera opplevinga meir variert og spennande. Shuffleboard er tilgjengeleg, eit sosialt og engasjerande spel som passar for alle aldrar.
Kamben er inspirert av fjellet Bjørndalskamben
Med 1402 moh. er Bjørndalskamben det høgaste fjellet i Myrkdalen, og frå toppen er det storslått utsikt mot Hurrungane, Fresvikbreen, Vikafjellet, Myrkdalen og Vossefjella.
Arkitekten har også latt seg inspirera av fjellet, og ser du godt etter kan du finna att likheitstrekk mellom bygget og formasjonen på fjellet.
Konseptet med lokal forankring er vidareført inne i lokalet med innslag av stein- og naturelement. På drikkemenyen finn du sjølvsagt eit stort utval av lokalt øl.
Kos deg med noko godt i glaset!
Godt å vite
Sesong
Kontakt
Sjå bilete frå Kamben Kafé & Spel
Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.
Andre serveringsstader
Fjellstova Vetlebotn
Fjellstova Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, er den naturlege møteplassen midt på fjellet. I sommar kan du nyta ein god kopp kaffi, is og lapskaus frå Haugen Gardsmat her.
Restaurant Tunet
I Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel får du den beste pizzaen i området. Sjølvsagt bakt i steinomn, med topping av lokale råvarer.
Restaurant Nuten
Maten som blir servert i Restaurant Nuten skal smaka som landskapet - vilt og reint og med innslag av friske overraskingar. Difor består menyen av kortreiste kvalitetsråvarer.
Restaurant Nuten Fondue
I Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener!
Myrkdalsstovo
I andre etasje i Myrkdalsstovo, rett ved sida av Myrkdalsekspressen, serverer me rask mat for folk i farta!
Pudder Afterski
Pudder finn du på vestsida av Myrkdalen Hotel. Her er det matservering på dagtid samt afterski og fest ettermiddag/kveld.
Salto Lobby Bar
Baren i fyrste etasje på Myrkdalen Hotel er ein hyggeleg samlingsstad der du kan synka ned i dei mjuke stolane og henta nye krefter til morgondagen.